🐘

Kva i all verda er Allheimen?

Allheimen, eller «the fediverse», er ei rekke opne sosiale medier som kan snakke med kvarandre. Eit av desse systema er Mastodon, som denne sida hovudsakleg handlar om. Her har vi forsøkt å samle informasjon om korleis det fungerar.

I staden for éi lukka nettside opner system på Allheimen for samhandling på tvers av sider og serverar – meir som e-post, der du kan sende og motta frå kva som helst e-postserver.

Mastodon er difor ikkje éi side, det er mange ulike nettstader.

Desse sidene er gjerne drivne frivillig eller gjennom donasjonar, og samlar folk under ein eller anna form for paraply – anten veldig generelt eller veldig spesifikt, eller noko derimellom – men du kan likevel følgje folk andre stader.

Kort fortalt: gå til til dømes social.vivaldi.net, oslo.town, eller https://mastodon.babb.no, etterspør ein ny konto, og gjer nokolunde det du kanskje kjenner frå Twitter. Sleng gjerne inn ein tut med ein kort introduksjon til deg sjølv, og legg til emneknaggane #introduksjon og #NorskTut, det gjer deg enklare å finne for andre.

Under her er det samla meir utstrakt informasjon om korleis det fungerar, kva serverar du kan sjå på, kva appar du kan bruke, og anna, frå ulike kjelder og med hjelp frå andre folk.

Ja, eg
Ja, eg veit det høyrest slik ut. Frå @Ciaraioch

1️⃣
Del 1: Vil du lære om Mastodon?
🍞
En introduksjon til Mastodon
2️⃣
Del 2: Vil du lage Mastodon-brukar?
🧀
Bruk av Mastodon i praksis

Men kva server skal eg velgje?

På Twitter var eg @tanketom, som kun kunne kommuniserast med på Twitter. På Mastodon er eg @tanketom@tutoteket.no, og kan «sende e-post» til alle med brukarar i system som kan snakke med Mastodon. Du treng ikkje brukar same stad som meg for å følgje meg på kva eg skriv eller utveksle offentlege eller lukka beskjedar med meg – det er poenget.

Det kan likevel vere litt vanskeleg å velgje kvar du skal bu i Allheimen. Her er nokre forslag med norsk- og nordisk-sentrerte serverar, samt nokre basert på mine interessefelt.

Nokre norsk-ish opne instansar du kan spørje om å bli med i:

Nokre andre instansar eg følgjer med på:

Nokre skandinaviske instansar:

Tutoteket.no er instansen til bla. meg og Arne og ein liten handfull folk. Med mindre vi velgjer å betale meir for å få rom til fleire, har vi i utgangspunktet ikkje noko plass der.

Ellers finst det instansar for mange hobbyar, yrker, legningar, ideologiar, aktivistar, og diverse aktiviteter som er trygg – eller ikkje trygg – for jobb-surfing. Alle har sine eigne meir eller mindre handheva reglar, som kan vere både om språk, innhald, og temaer dei vil framheve eller helst late vere, så det kan vere lurt å ha lest gjennom reglane på førehand før du blir med i ein instans. Kardemommeloven fungerar i dei fleste tilfeller.

Har du alt laga deg ein brukar, og følt at du havna feil stad? Frykt ikkje, du kan alltids flytte frå ein server til anna med denne bruksanvisninga:

.

Men kva app skal eg bruke?

Eg kan ikkje skrive dette hardt nok: Ikkje bruk den offisielle appen til Mastodon (for Ios og Android), iallfall ikkje enno.

Den manglar eller gøymer unna fleire av funksjonane eg vil hevde er essensielle for opplevinga av allheimen, og er for tida hardt under utvikling. Det kan vere den blir bra i framtida, men vi er ikkje i den framtida heilt enno. Forsøk heller ein av desse:

Web og desktop

  • Grensesnittet i webversjonen av Mastodon er heilt ok, men blir betre om du går i innstillingar og hukar av for “avansert grensesnitt”. Då får du fleire kolonner du kan definere med ulikt innhald og feste, slik at du får ei meir spesialtilpassa side.
  • Sengi har både app og web-versjon for Windows, Mac, og Linux.
  • elk.zone er eit alternativt nettgrensesnitt for Mastodon.

Android

IOS

Desse er eit lite utvalg. Vil du sjå ei meir innførande gjennomgang, kan du sjekke joinmastodon.org si eiga oversikt over appar.

Ordliste for Mastodon

Engelsk ord
Oversettelse
Forklaring
Fediverse
“Allheimen” eller “Fødiverset”
Det er en voksende oppslutning om å bruke ordet “allheimen” på norsk, men tidligere har vært vanlig hittil å kalle det “fødiverset”, direkte omsatt fra den engelske forkortingen av “federated universe”.
Toot
“Tut” eller innlegg
På Mastodon heter et innlegg et “tut”.
Boost
Boost eller fremheving
Man “booster” et tut/innlegg ved å bruke denne funksjonen, og deler det da på sin egen profil til sine følgere. Tilsvarende “retweet” på Twitter.
Hashtag
Emneknagg eller hashtag
Mange kjenner til dette fra Facebook, Instagram og Twitter. På Mastodon kan man også, som på Instagram, abonnere på emneknagger.
Instance
Instans, server, side eller siida.
Ikke alle har et forhold til det teknologiske begrepet “instans”, “server” eller rett og slett “side” kan være like godt å forstå. “Siida” er et samisk ord for fellesskap, storfamilie eller indre samfunn, som også er et godt alternativ.
Timeline/feed
Tidslinje/Feed
Det er på tidslinjen/feeden nedover at du ser innlegg som er synlig for deg.

Andre system i Allheimen

Som nemnd kan også dei andre sosiale media i Allheimen snakke med kvarandre, så du kan ha ein Mastodon-brukar, og følgje nokon på til dømes Pixelfed (Instagram-alternativ) eller Bookwyrm (Goodreads-alternativ). Systema opnar altså for samhandling på tvers av sider og serverar – som ein føderasjon, i staden for ein eineveldig stat.

  • Pixelfed – liknar på Instagram, før Instagram forsøkte å bli TikTok, til no ingen norske instansar
  • Bookwyrm – liknar på Goodreads og liknande Amazon-eigde tenester, til no ingen norske instansar
  • PeerTube – liknar på Youtube og Vimeo
  • OwnCast – liknar på Twitch
  • Mobilizon – liknar på hendingsdelen av Facebook, og liknande arrangementskalenderar
  • Hubzilla - ligner mer på facebook, men med mange tilleggsfunksjoner, som hjemmesider, wiki, blogg, forum, enkel nettbutikk osv. Bedre kontroll over hva man deler med hvem, mulighet for flere kanaler, flere profiler pr. kanal, kloning/sømløs flytting/synking av kanaler til andre instanser. Kan i tillegg til ActivityPub også snakke med Diaspora og via Hubzilla's egen Zot6 protokoll.
  • Friendica - i utgangspunktet forrige generasjon av samme kodebase som Hubzilla, men med mindre funksjonalitet. Mer rendyrket sosialt nettverk. Vedlikeholdt og videreutviklet parallelt og uavhengig av Hubzilla. Snakker i tillegg til ActivityPub også med Diaspora.
  • GnuSocial - den "opprinnelige" fødivers-programvaren avledet fra identi.ca. Forøvrig den direkte inspirasjonen for Mastodon, som opprinnelig var en GnuSocial klone.
  • Socialhome - sosialt nettverksprogramvare med et unikt grensesnitt. Opprinnelig en Diaspora klone, men støtter nå også ActivityPub.

Takk til @harald@hub.volse.no for utviding om ulike Allheim-systemer.

Lage min eigen instans, seier du?

Om du treng tips til å starte din eigen instans, så kan du lese her:

Takk til @eivind@mastodon.fjerland.no for forslag om Yunohost.

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no